Vêren

Veren
Veren
Latinsk namnAries
ForkortingAri
GenitivsformArietis
Symbologisjå Den gyldne veren
Rektasensjon3 h
Deklinasjon+20°
Areal441 kvadratgrader
nr. 39 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerneα Ari (Hamal) (2,0. mag.)
Meteorsvermar
  • Mai-arietidane
  • Haust-arietidane
  • Delta-arietidane
  • Epsilon-arietidane
  • Dag-arietidane
  • Aries-triangulidane
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −60°

Vêren (frå latin Aries) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.Det er eit av stjernebileta i dyrekrinsen og ligg på nordhimmelen mellom Fiskane i vest og Tyren i aust. Biletet er eit av 48 stjernebilete som er skildra av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er eit mellomstort stjernebilete, det 39. største, med eit areal på 441 kvadratgrader (1,1% av himmelkvelvinga).

Sjølv om Vêren spesifikt syner til bukken som vart nytta til lage det gyldne skinnet i gresk mytologi, har biletet vore representert av ein vêr sidan seint i babylonsk tid. Før det danna stjernene i vêren biletet av ein gardsarbeidar. Forskjellige kulturar har nytta stjernene i vêren til andre stjernebilete, som tvillinginspektørar i Kina og ei nise på Marshalløyane. Vêren er relativt lyssvak og består av berre fire lys stjerner: Hamal (Alfa Arietis), Sheratan (Beta Arietis), Mesarthim (Gamma Arietis) og 41 Arietis. Dei få djupromsobjekta i stjernebiletet er lyssvake og består av nokre få vekselverkande galaksar. Fleire meteorregn verkar å stråle ut frå vêren, som dagtidsarietidane og epsilon-arietidane.

Vêren inneheld fleire stjerner med ekstrasolare planetar. HIP 14810, ei klasse G5-stjerne, har tre kjempeplanetar (med meir enn ti gonger massen til jorda).[1] HD 12661 er, som HIP 14810, ei hovudseriestjerne klasse G, litt større enn sola, med to planetar. Den eine planeten har 2,3 gonger så stor masse som Jupiter, og den andre 1,57 gonger massen til Jupiter.[2] HD 20367 er ei klasse G0-stjerne med omtrent same storleik som sola, og med ein planet i bane. Planeten, som vart oppdaga i 2002, har ein masse som er 1.07 gonger massen til Jupiter og ei omlaupstid på 500 dagar.[3]

Kjelder

  1. Wright et al. 2009.
  2. ExoPlanet HD 12661.
  3. ExoPlanet HD 20367.

Other Languages
norsk: Væren
dansk: Vædderen
العربية: الحمل (كوكبة)
aragonés: Aries
asturianu: Aries
azərbaycanca: Qoç (bürc)
Bân-lâm-gú: Bó͘-iûⁿ-chō
башҡортса: Ҡуҙы (йондоҙлоҡ)
беларуская: Авен (сузор’е)
беларуская (тарашкевіца)‎: Баран (сузор’е)
български: Овен (съзвездие)
brezhoneg: Tourz (steredeg)
català: Àries
corsu: Arghjetu
Gaeilge: An Reithe
galego: Aries
客家語/Hak-kâ-ngî: Pha̍k-yòng-chho
한국어: 양자리
Bahasa Indonesia: Aries (perbintangan)
Basa Jawa: Aries
Lëtzebuergesch: Aries (Stärebild)
македонски: Овен (соѕвездие)
مازِرونی: وره (فلکی صورت)
Bahasa Melayu: Biri-biri (buruj)
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Băh-iòng-cô̤
မြန်မာဘာသာ: မဿိ နက္ခတာရာ
Nederlands: Ram (sterrenbeeld)
日本語: おひつじ座
oʻzbekcha/ўзбекча: Hamal
português: Aries
Simple English: Aries (constellation)
slovenčina: Baran (súhvezdie)
slovenščina: Oven (ozvezdje)
српски / srpski: Ован (сазвежђе)
srpskohrvatski / српскохрватски: Ovan (zviježđe)
татарча/tatarça: Хәмәл йолдызлыгы
українська: Овен (сузір'я)
粵語: 白羊座
中文: 白羊座