Super Mario Sunshine

Super Mario Sunshine
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Design(ar)Yoshiaki Koizumi (direktør)
Shinobu Tanaka,
Kōji Kondō (komponistar)
SerieMario
Plattform(er)Nintendo GameCube, Microsoft Windows
UtgjeveJP: 19. juli 2002
NA: 26. august 2002
EU: 4. oktober 2002
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 3+
ELSPA: 3+
ESRB: E

Super Mario Sunshine (スーパーマリオサンシャイン) er eit 3D-plattformspel utvikla og publisert av NintendoNintendo GameCube. Det vart gjeve ut i Japan juli 2002, i Nord-Amerika august 2002, og i Europa oktober same året. Spelet er det første 3D-plattformspelet i Mario-serien sidan Super Mario 64 frå 1996, og handlar om Mario som utforskar område på ferieøya Delfino for å reinvaske seg etter falske påtalar om hærverk på øya.

Oppfølgjaren til spelet, Super Mario Galaxy, kom på Wii i 2007.

Oppsett

Super Mario Sunshine har ei mengd nivå som blir nådde via navlen i spelet (en: Delfino Plaza). I starten av spelet er berre eitt nivå tilgjengeleg, men fleire blir opna etter kvart som ein samlar solsymbol (en: Shine Sprites). Ved å klare oppdrag i nivåa blir ein lønna med eit solsymbol, og Mario blir sendt ut av nivået kvar gong han samlar inn slike.

Kontrollsystemet i Sunshine har mykje felles med det i Super Mario 64, men fjernar nokre triks og legg til nye. Mario kan ikkje slå med hendene eller krype i spelet, men kan no snurre kjapt rundt under eit hopp og gli nedover langs veggar før eit vegghopp. Nyheita i spelet er ein vasskanon som hjelper Mario med å greie oppdraget i spelet; å reinvakse ei ferieøy for måling. Vasskanonen, på engelsk kjent som «FLUDD» (akronym for Flash Liquidising Ultra Dousing Device), kan sprute vatn i avgrensa mengder og har fire tutar som gjev ulike eigenskapar. Til vanleg har ein to tutar; den eine spruter ein enkel stråle vatn, og den andre lèt Mario svive over bakken ein augeblink. Seinare i spelet kan ein hitte to nye tutar; rakettuten som kan sende Mario høgt til himmels, og turbotuten som lèt Mario renne snøgt langs bakken.

Etter kvart finn Mario Yoshi som han kan ri på under visse høve i spelet. Yoshi kan svive kort etter eit hopp, rulle ut tunga for å ete frukt og smådyr, og plante rauva hardt i bakken for å presse ned ting. Vasskanonen til Mario er ikkje aktiv når ein rir Yoshi, men dinosauren kan sprute ut jus frå munnhola etter å ha ete frukt. Jusen kan bli brukt til å løyse opp oransje stoff som er i vegen, eller forandre fiendar til plattformer. Farga på jusen avheng av kva type frukt som vart ete sist. Dersom Yoshi fell i djupt vatn eller ikkje får i seg nok frukt vil han kverve bort.