Skip

Moderne passasjerskip for turistar.
Eit moderne skip.
Seglskuta USS «Constitution» saman med mindre seglbåtar.
Foto: Todd Stevens
Hangarskip.
Moderne militærskip på ei sams øving.
Foto: I. Cutler

Skip eller skute er ein større farkost ein kan segla med. Dei fleste skipa er store båtar, men ordet har også blitt brukt om fargreier som har oppstått i nyare tid—luftskip og romskip.

Skip er ofte havgåande farkostar med plass til mykje last eller passasjerar. Dei har mogleggjort globaliseringa av verda gjennom å tillata lange reiser og handel over hav.

Soge

Den første hovudmåten å segla på var ved hjelp av segl, tidvis med støtte frå årer. Egyptiske seglskip blei brukte på Nilen og Raudehavet frå 2000-talet f.Kr. Det første skipsnamnet me kjenner til er «Lovprising for dei to landa», om eit skip som høyrde til farao Sneferu, på ei innskrift frå 2613 f.Kr. Seinare utvikla ulike folkeslag samband og herredøme over delar av Middelhavet, Det arabiske havet og Det indiske havet.

Ein brukte astronomisk navigasjon fram til eit magnetisk kompass blei utvikla, først i Kina rundt 1100, seinare i ein tørr europeisk versjon før 1300. Dette, og utviklinga av stabile og manøvrerbare skipstypar som kinesisk skatteskip og europeisk karavell, gjorde det mogleg å ta sjøvegen mellom alle verdsdelar under oppdagingstida. Dette opna for både jordomseglingar, utvandring og kolonisering.

Fram mot 1800-talet blei det bygd stadig større og raskare seglskip, som klipperar og linjeskip. Desse blei i stor grad erstatta av dampskip, skip bygde av metall og drivne med nyvinninga dampmaskina. Seinare er det utvikla store skip, til dømes tankskip, kontainerskip og ulike militærskip, med ulike slag olje som drivstoff.

Other Languages
norsk: Skip
svenska: Skepp
dansk: Skib
Afrikaans: Skip
Alemannisch: Schiff
العربية: سفينة
aragonés: Barco
ܐܪܡܝܐ: ܣܦܝܢܬܐ
asturianu: Buque
Avañe'ẽ: Ygarata
azərbaycanca: Gəmi
تۆرکجه: گمی
বাংলা: জাহাজ
Bân-lâm-gú: Chûn
башҡортса: Судно
беларуская: Судна
беларуская (тарашкевіца)‎: Карабель
български: Кораб
bosanski: Brod
català: Vaixell
čeština: Loď
chiShona: Ngarava
Cymraeg: Llong
Deutsch: Schiff
Diné bizaad: Tsin naaʼeeł
eesti: Laev
Ελληνικά: Πλοίο
English: Ship
español: Buque
Esperanto: Ŝipo
euskara: Itsasontzi
français: Navire
furlan: Nâf
Gaeilge: Long
Gàidhlig: Long
galego: Nave
贛語:
한국어: 선박
हिन्दी: जलयान
hrvatski: Brod
Ido: Navo
Bahasa Indonesia: Kapal
interlingua: Nave
Interlingue: Nave
íslenska: Skip
italiano: Nave
עברית: אונייה
Basa Jawa: Baita
ಕನ್ನಡ: ಹಡಗು
ქართული: გემი
қазақша: Су көлігі
Kiswahili: Meli
kurdî: Keştî
Latina: Navis
latviešu: Kuģis
Lëtzebuergesch: Schëff
lietuvių: Laivas
Limburgs: Sjeep (verveur)
Livvinkarjala: Laivu
magyar: Hajó
македонски: Брод (пловило)
മലയാളം: കപ്പൽ
मराठी: जहाज
مصرى: سفينه
Bahasa Melayu: Kapal
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Sùng
монгол: Усан онгоц
မြန်မာဘာသာ: သင်္ဘော
Nāhuatl: Ācalli
नेपाली: पानी जहाज
नेपाल भाषा: लःखः
日本語: 大型船舶
Nordfriisk: Skap
Norfuk / Pitkern: Shep
occitan: Naviri
oʻzbekcha/ўзбекча: Kema
پنجابی: سمندری جہاز
Plattdüütsch: Schipp
polski: Statek wodny
português: Navio
română: Navă
Romani: Bero
Runa Simi: Hatun wamp'u
русский: Судно
Scots: Ship
shqip: Anija
sicilianu: Navi
Simple English: Ship
slovenčina: Loď
slovenščina: Ladja
Soomaaliga: Markab
کوردی: کەشتی
српски / srpski: Брод
srpskohrvatski / српскохрватски: Brod
suomi: Laiva
Tagalog: Barko
தமிழ்: கப்பல்
татарча/tatarça: Кораб
తెలుగు: ఓడ
Türkçe: Gemi
українська: Судно
اردو: بحرینہ
vèneto: Nave
Tiếng Việt: Tàu thủy
Võro: Laiv
文言: 船舶
Winaray: Barko
ייִדיש: שיף
粵語:
žemaitėška: Laivs
中文: 輪船
Kabɩyɛ: Mɛlɛ