Seikantunnelen

Kartskisse over tunellen
Tunellopninga på Honshu

Seikantunnelen (青函トンネル, Seikan Tonneru eller 青函隧道, Seikan Zuidō) i Japan er verdas lengste jarnbane-tunnel. Den er 53,85 km lang, og vil vere lengst i verda fram til Gotthard basetunnel i Sveits på 57 km opnar i ca 2015. Seikantunnelen går under Tsugaru-stredet, og bind dei japanske øyene Honshu og Hokkaido saman. 23,35 km av tunnelen går under havet. Det djupaste punktet i tunnelen er 240 meter under havoverflata. Jarnbana i tunnelen er den djupast liggande jarnbana i verda.

Historie og bygging

Ein tyfon senka i 1954 fem ferjer i Tsugaru-stredet, og 1430 menneske omkom. Ulukkene førte til krav om eit sikrare samband over stredet, og den japanske regjeringa utreidde planar for ei ferjefritt samband. Det blei meint at ei bru ville bli for usikker i det breie, vêrharde stretet, og det vart bestemt at ein skulle byggje ein jarnbanetunnel mellom øyane.

Det vulkanske fjellet under Tsugaru-stredet var for ustabilt til at tunnelboremaskiner kunne brukast under bygginga av tunnelen, så det meste av tunnelen måtte sprengast med dynamitt. Prøveboring starta i 1964, og sjølve tunnelkonstruksjonen byrja i 1971. Gjennomslaget i tunnelen var i 1983, og tunnelen vart opna for trafikk 13. mars 1988.

Under bygginga av tunnelen i 1976 trefte tunnelbyggjarane eit område med dårleg fjell, og vatn strøymde inn i tunnelen. Det tok over to månader før tunnelbyggarane fekk kontroll over vasstraumen. Heldigvis omkom ingen då dette hende. Til saman 66 menneske omkom i andre ulukker under bygginga av tunnelen.

Other Languages
svenska: Seikantunneln
العربية: نفق سيكان
asturianu: Túnel Seikan
azərbaycanca: Seykan tuneli
Bân-lâm-gú: Seikan Sūi-tō
беларуская: Сэйкан
български: Сейкан
čeština: Tunel Seikan
Deutsch: Seikan-Tunnel
English: Seikan Tunnel
español: Túnel Seikan
Esperanto: Sejkan (tunelo)
euskara: Seikan tunela
français: Tunnel du Seikan
한국어: 세이칸 터널
हिन्दी: सीकन सुरंग
Bahasa Indonesia: Terowongan Seikan
italiano: Galleria Seikan
latviešu: Seikana tunelis
Bahasa Melayu: Terowong Seikan
Nederlands: Seikantunnel
ਪੰਜਾਬੀ: ਸੀਕਨ ਸੁਰੰਗ
پنجابی: سیکان سرنگ
polski: Tunel Seikan
português: Túnel Seikan
română: Tunelul Seikan
русский: Сэйкан
Simple English: Seikan Tunnel
slovenčina: Seikan tonneru
slovenščina: Seikan
srpskohrvatski / српскохрватски: Tunel Seikan
Türkçe: Seikan Tüneli
Tiếng Việt: Đường hầm Seikan
粵語: 青函隧道
中文: 青函隧道