Ryggstrengdyr

Ryggstrengdyr
Salmo salar-Atlantic Salmon-Atlanterhavsparken Norway.JPG
Laks (Salmo salar)
Vitskapleg namn
Chordata
Bateson, 1885
Utbreiing
Område: Heile verda
Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr

Ryggstrengdyr (Chordata) er ei dyrerekkje som omfattar virveldyr samt dei nærmaste virvellause slektningane, kappedyr og lansettfiskar.Av utdøydde representantar kan conodontane nemnast.

Ryggstrengdyra har namnet sitt etter ryggstrengen (chorda dorsalis eller notokord). Dette er ein elastisk støttestav som ligg over tarmkanalen. Funksjonen er sannsynlegvis å halde lengda til dyret konstant under rørsle, noko som kan forklare korfor ringmuskellaget (som oppstod i stamarten til bilateriane) gjekk tapt, i og med at dette muskellaget hadde same funksjon. Ryggstrengen er hos pattedyr berre bevart som små væskefylte «puter» i brusken i mellomvirvelskivene. Over ryggstrengen ligg ryggmergen, som på dette stadiet blir kalla nevralrøyret, fordi det bli danna som eit einskilt væskefylt røyr. Opphavet til dette røyret er usikker, men ein teori går ut på at røyret har opphavet sitt i ei fjern larveform kledd med ciliehår. Med unntak av einskilde hemichordatar er dette eit trekk ryggstrengdyra er åleine om, og som har gjort ei sterk utvikling av nervesystemet mogleg.

Ryggstrengdyr deler nok ein eigenskap med dei fleste hemichordatar, men ingen andre nolevande dyr, Det er ein gjelletarm med gjellespalter. Korleis gjelletarmen oppstod, er ikkje kjent, men før han tok til å ta seg av gassutvekslinga mellom dyret og omgjevnaden som ein tilleggsfunksjon, var rolla å filtrere vatnet for næringspartiklar. Dette tyder på eit levesett som viser at forfedrane til ryggstrengdyra stort sett levde som passive filtrerarer. Dette gjeld truleg for heile deuterostomienes stamform. Hos einskilde ryggstrengdyr finn vi ei innvendig bukfure ventralt i gjelletarmen, endostyl. Det er ei ciliekledd og slimproduserande renne som speler ei viktig rolle ved filtreringa av partiklar frå vatnet. Hos hemichordatane kan vi hos nokre artar sjå byrjinga på denne strukturen, som er fullt til stades hos kappedyra og lansettfiskane. Også hos niaugelarver finst vi ein tilsvarande struktur, skjønt det ikkje er heilt sikkert om dette er eit opphavleg trekk eller om han har oppstått sekundært. I alle fall viser den felles funksjonen av denne bukfura hos såpass ulike grupper at den er et opphavleg trekk ved bygningen til ryggstrengdyra. Hos dei resterande medlemmene av Chordata er denne anatomiske detaljen blitt vidareutvikla til skjoldbruskkjertelen.

Ein annan særmerkt eigenskap ved ryggstrengdyra er at anatomien er snudd opp–ned i høve til andre bilaterale dyr. Dette gjer at nervesystemet ligg på ryggsida og blodkarsystemet på buksida, stikk motsett av kva som er tilfellet hos andre dyr. Ei mogleg forklaring er at ein stamart ein gong i fjern fortid tok til å leve «med buken i veret», utan at vi veit korfor.

Other Languages
dansk: Chordater
Afrikaans: Rugstringdiere
Alemannisch: Chordatiere
አማርኛ: አምደስጌ
العربية: حبليات
aragonés: Chordata
অসমীয়া: ক'ৰডাটা
asturianu: Chordata
azərbaycanca: Xordalılar
বাংলা: কর্ডাটা
Bân-lâm-gú: Chek-soh tōng-bu̍t
башҡортса: Хордалылар
беларуская: Хордавыя
беларуская (тарашкевіца)‎: Хордавыя
भोजपुरी: कार्डेट
български: Хордови
bosanski: Hordati
brezhoneg: Chordata
буряад: Хүбшэтэн
català: Cordats
čeština: Strunatci
Cymraeg: Cordog
Deutsch: Chordatiere
Ελληνικά: Χορδωτά
English: Chordate
español: Chordata
Esperanto: Ĥorduloj
euskara: Kordatu
فارسی: طنابداران
Fiji Hindi: Chordate
føroyskt: Chordata
français: Chordata
Gaeilge: Chordates
Gaelg: Chordata
Gàidhlig: Chordata
galego: Cordados
客家語/Hak-kâ-ngî: Chit-sok thung-vu̍t
한국어: 척삭동물
հայերեն: Քորդավորներ
हिन्दी: रज्जुकी
hrvatski: Svitkovci
Ilokano: Kordata
Bahasa Indonesia: Chordata
interlingua: Chordata
íslenska: Seildýr
italiano: Chordata
עברית: מיתרניים
Basa Jawa: Chordata
ಕನ್ನಡ: ಕಾರ್ಡೇಟ್
ქართული: ქორდიანები
қазақша: Хордалылар
kernowek: Chordata
Kiswahili: Kodata
Kreyòl ayisyen: Kòde
Кыргызча: Хордалуу
Latina: Chordata
latviešu: Hordaiņi
Lëtzebuergesch: Chordadéieren
lietuvių: Chordiniai
Ligure: Chordata
Limburgs: Chordabieste
la .lojban.: skoselti'e
македонски: Хордови
മലയാളം: കോർഡേറ്റ
Malti: Chordata
მარგალური: ქორდიანეფი
Bahasa Melayu: Kordata
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Cék-só̤h dông-ŭk
монгол: Хөвчтөн
Nederlands: Chordadieren
日本語: 脊索動物
Nordfriisk: Ragstringdiarten
Novial: Chordata
occitan: Chordata
oʻzbekcha/ўзбекча: Xordalilar
ਪੰਜਾਬੀ: ਤੰਦਧਾਰੀ
پنجابی: کورڈیٹ
Перем Коми: Мышксöнаэз
Piemontèis: Chordata
Plattdüütsch: Ruggensnarendeerter
polski: Strunowce
português: Cordados
română: Cordate
Runa Simi: Wasa tiwlliyuq
русиньскый: Хордовы
русский: Хордовые
саха тыла: Хордалыктар
Scots: Chordate
shqip: Chordate
sicilianu: Chordata
Simple English: Chordate
slovenčina: Chordáty
slovenščina: Strunarji
کوردی: مازەداران
српски / srpski: Хордати
srpskohrvatski / српскохрватски: Svitkovci
Basa Sunda: Chordata
Tagalog: Chordata
татарча/tatarça: Хордалылар
తెలుగు: కార్డేటా
тоҷикӣ: Танобдорон
lea faka-Tonga: Monumanu filo siliva
Türkçe: Kordalılar
українська: Хордові
اردو: حبلیات
West-Vlams: Chordabêestn
Winaray: Chordata
吴语: 脊索动物
ייִדיש: כארדאטן
粵語: 脊索動物
žemaitėška: Chuordėnē
中文: 脊索动物
Lingua Franca Nova: Cordato