Oljelampe

Indisk oljelampe under dipavali.
Italiensk oljelampe frå 1800-talet. Lampen brenn med olivenolje og er einaste lyskjelda i biletet.

Oljelampar er kunstige lyskjelder som bruker olje som drivstoff for ein flamme. Dei gjev ei form for levande lys som er sterkare enn eit stearinlys, men svakare enn ein parafinlampe.

Lampen består av eit kar, gjerne av metall eller steintøy, som blir fylt med olje av ulike slag, til dømes planteolje, dyrefeitt eller petroleum. Oljelampen lyser ved at ein halvvegs nedsenkt veik trekker til seg olje i den eine enden og brenn i den andre.

Historie

Oljelampar har ei lang historie og har vore brukte i mange kulturar. Dei er kjende frå historier som « Aladdin og den magiske lampen» og frå den kristne likninga om dei fem kloke og dei fem dårlege møyane ( Matt. 25:1-13) som måtte venta natta gjennom med oljelampane sine.

I middelhavslanda brukte ein oljelampar med olivenolje til godt innpå 1800-talet, i avsidesliggjande område til 1900-talet. I dag blir oljelampar helst brukt til symbolske føremål, som til religiøse ritual i hinduismen og jødedommen.

Other Languages
norsk: Oljelampe
svenska: Oljelampa
dansk: Olielampe
العربية: مصباح زيتي
беларуская: Каганец
беларуская (тарашкевіца)‎: Каганец
català: Llàntia
Deutsch: Öllampe
English: Oil lamp
español: Candil
Esperanto: Olelampo
euskara: Kriseilu
فارسی: چراغ موشی
français: Lampe à huile
한국어: 호롱
Bahasa Indonesia: Lampu minyak
עברית: מנורת שמן
Basa Jawa: Senthir
Nederlands: Olielamp
polski: Kaganek
português: Lâmpada a óleo
română: Opaiț
shqip: Kandili
Simple English: Oil lamp
slovenščina: Oljenka
Türkçe: Kandil
українська: Каганець
Tiếng Việt: Đèn dầu cổ
中文: 油灯