New Horizons

Illustrasjon av New Horizons som passerer Pluto
New Horizons vert skoten opp frå Cape Canaveral
Data frå to kamera ombord på New Horizons vart sette saman til dette biletet av Pluto
Jupitermånen Europa bak randa til Jupiter fotografert av New Horizons

New Horizons er ein NASA-sonde på veg utover i det ytre solsystemet etter å ha vitja dvergplaneten Pluto. Den 478 kg tunge sonden vart skoten opp 19. januar 2006 og vart det fyrste romfartøyet til å passera Pluto og månane rundt. Etter plutopasseringa vil ein freista å passera eitt eller fleire kuiperbelteobjekt.

Den 28. februar 2007 passerte sonden Jupiter og returnerte detaljerte bilete av planeten og månane. New Horizons nådde Pluto 14. juli 2015, og vil verta den femte romsonden til å forlata solsystemet.

Vitskaplege instrument

New Horizons ber med seg sju vitskaplege instrument: tre optiske, to plasmainstrument, ein støvmålar og eitt radioinstrument. Til saman dreg instrumenta 28 watt. Dei sju instrumenta er:[1]

  • Alice - eit biletspektrometer som observerer i det ultrafiolette. Hovudmålet er å studera atmosfæren til Pluto.
  • Ralph - eit kamera med fargefilter. Hovudmålet er å observera yta til Pluto, plutomånane og eventuelt eit kuiperbelteobjekt.
  • Radio Science Experiment (REX) - eit instrument integrert i telekommunikasjonssystemet til New Horizons. Eitt av hovudmåla er å måla temperatur og atmosfærisk trykk i atmosfæren til Pluto.
  • Long Range Reconnaissance Imager (LORRI) - eit kamera integrert i eit teleskop. Det kan ta dei mest høgoppløyselege bileta til New Horizons av Pluto og månane. Det kan ikkje sjå fargar.
  • Solar Wind Around Pluto (SWAP) - måler solvinden kring Pluto for å finna ut kor mykje av atmosfæren til Pluto som svinn med solvinden.
  • Pluto Energetic Particle Spectrometer Science Investigation (PEPSSI) - fangar og måler partiklar som slepp unna atmosfæren til Pluto.
  • Venetia Burney Student Dust Counter (SDC) - eit studentbygt instrument som merkar støvpartiklar i det ytre solsystemet og kring Pluto.
Other Languages
svenska: New Horizons
Afrikaans: New Horizons
Alemannisch: New Horizons
azərbaycanca: Yeni üfüqlər
Bân-lâm-gú: New Horizons
беларуская: New Horizons
български: Нови хоризонти
bosanski: New Horizons
brezhoneg: New Horizons
català: New Horizons
čeština: New Horizons
Cymraeg: New Horizons
Deutsch: New Horizons
Ελληνικά: New Horizons
English: New Horizons
español: New Horizons
Esperanto: New Horizons
euskara: New Horizons
français: New Horizons
Gaeilge: New Horizons
galego: New Horizons
hrvatski: New Horizons
Bahasa Indonesia: New Horizons
italiano: New Horizons
latviešu: New Horizons
lietuvių: New Horizons
Limburgs: New Horizons
lumbaart: New Horizons
magyar: New Horizons
Bahasa Melayu: New Horizons
မြန်မာဘာသာ: New Horizons
Nederlands: New Horizons
oʻzbekcha/ўзбекча: New Horizons
polski: New Horizons
português: New Horizons
română: New Horizons
sicilianu: New Horizons
Simple English: New Horizons
slovenčina: New Horizons
slovenščina: New Horizons
српски / srpski: Нови хоризонти
srpskohrvatski / српскохрватски: New Horizons
Türkçe: New Horizons
українська: New Horizons
Tiếng Việt: New Horizons
吴语: 新视野号
Yorùbá: New Horizons
粵語: 新視野號
中文: 新视野号
Lingua Franca Nova: New Horizons