Nasjonaldag

Nasjonaldagen i Gibraltar blir feira den andre måndagen i mars månad.

Ein nasjonaldag er ein særskild dag som vert feira av eit folk kvart år, og er gjerne meint å styrka dei nasjonale kjenslene til folkegruppa eller staten dei er del av. Kvart land i verda har éin nasjonaldag, somme har fleire. Som regel blir dagen feira på den same datoen kvart år, men nokre land har flyttbare nasjonaldagar.

Dagen blir ofte feira til minne om ei spesiell hending, i mange tilfelle noko som har med sjølvstende eller frigjering frå eit anna land å gjera. I Noreg blir nasjonaldagen feira den 17. mai til minne om grunnlova som vart underteikna på Eidsvoll på denne dagen i 1814. India feirar både dagen landet fekk sjølvstende, den 15. august, og ein grunnlov, den 26. januar. Jamaica feirar nasjonaldagen sin den første måndagen i august kvart år, ettersom 6. august 1962, då landet fekk sjølvstende frå Storbritannia, var ein slik måndag.

Andre hendingar ein kan feira som nasjonaldag er statsleiaren sin fødselsdag, ei viktig historisk hending, som ein siger i eit slag, eller ein nedarva tradisjon som er felles for folket som feirar nasjonaldag. Thailand feirar til dømes nasjonaldagen sin på kongen sin fødselsdag; den franske nasjonaldagen 14. juli er til minne om storminga av Bastillen og symboliserer starten på den franske republikken, medan England feirar nasjonalhelgenen sin, Georg, den 23. april.

Feiring

Ein nasjonaldag er som regel ein offentleg høgtidsdag i landet som feirar han, og er gjerne òg ein flaggdag. I mange land samlar folk seg til fest, paradar eller talar. Nokre land, som USA og Frankrike, markerer dagen med fyrverkeri.

Det er stor forskjell på kor mykje nasjonaldagen blir feira i ulike land. I Noreg deltek nesten så godt som heile folket i feiringa, medan nasjonaldagen i dei ulike britiske landa er mindre overveldande, kanskje fordi ein ikkje har ein ein felles helgen for heile landet, eller fordi ein vil unngå å støyta minoritetar.

Other Languages
svenska: Nationaldag
Alemannisch: Nationalfeiertag
Ænglisc: Þēodlic Dæg
العربية: يوم وطني
Boarisch: Nationalfeiadog
brezhoneg: Devezh ar vro
čeština: Státní svátek
English: National day
español: Día nacional
Esperanto: Nacia tago
فارسی: روز ملی
français: Fête nationale
한국어: 국경일
hrvatski: Dan državnosti
Bahasa Indonesia: Hari Kebangsaan
italiano: Festa nazionale
עברית: חג לאומי
Lëtzebuergesch: Nationalfeierdag
Bahasa Melayu: Hari Kebangsaan
Nederlands: Nationale feestdag
Nedersaksies: Nasionale feesdag
日本語: 国家の日
português: Feriado nacional
română: Zi națională
Simple English: National Day
тоҷикӣ: Идҳои миллӣ
Türkçe: Millî bayram
українська: Національне свято
Tiếng Việt: Ngày quốc khánh
粵語: 國慶
中文: 国庆日