Kvit blodlekam

Kvite blodlekamar eller kvite blodceller, også kalla leukocyttar, er ei fellesnemning på ei gruppe celler som utgjer ein del av blodet i kroppen. Desse cellene beskyttar kroppen mot infeksjonar og er ein sentral del av immunsystemet.

  • typar

Typar

Granulocyttar

Granulocyttar har fått namn etter korleis dei ser ut i mikroskop, forstørra opp ser ein klart at dei har mange små kular (svarte prikkar) inni cella forutan sjølve cellekjerna. Det finst fleire ulike typar, mellom dei nøytrolfile granulocyttar, basofile granulocyttar og eosinofile granulocyttar. Alle dei tre typane vert utvikla frå ei felles modercelle ( myeloblast). Jo meir denne cella delar seg, jo fleire «flekkar» (granular) får cella.

Agranulocyttar

Lymfocyttar

Lymfocyttar er ein viktig del av det spesifikke immunsystemet. B-lymfocyttar er ei celle som har spesielle reseptorar festa til seg. Desse reseptorane er spesifikke for kvar bakterie, slik at dei berre festar seg til ein bestemt type antigen hjå bakteriane. Vidare byrjar B-lymfocyttane i dele seg til såkalla plasmaceller, som byrjar å produsere antistoff som høver til ein spesiell bakterie. Antistoffa festar seg så på denne bakterien. No kan antistoffa løyse opp bakteriane med ein gong, ved hjelp av enzymar som antistoffa fører med seg. Antistoffa kan òg gjere skade på celleveggen slik at det vert lettare for fagocyttane å øydeleggje dei. Nokre antistoff har òg den eigenskapen at dei kan binde saman fleire bakteriar til store klumpar slik at dei ikkje kan fungere.

T-lymfocyttar er celler som i motsetnad til B-lymfocyttane, ikkje går til åtak på bakteriar. Dei har som hovudoppgåve å bekjempe virus og kreftceller. Alle virusinfiserte celler har til liks med bakteriar ein spesifikk overflate (makromolekyl) som immunsystemet kan kjenne att. T-åtaksceller går så til åtak på dei virusinfiserte cellene. Når ein T-lymfocytt kjenner att overflata på eit virus eller ei kreftcelle byrjar cella å dele seg. Sidan denne prosessen går seint, tek det fleire dagar før det er nok lymfocyttar i blodet til å slå attende infeksjonen.

Monocyttar

Makrofagar

Other Languages
svenska: Vit blodkropp
Afrikaans: Witbloedsel
asturianu: Leucocitu
azərbaycanca: Leykositlər
башҡортса: Лейкоциттар
беларуская: Лейкацыты
български: Левкоцит
bosanski: Leukociti
català: Leucòcit
čeština: Bílá krvinka
Deutsch: Leukozyt
ދިވެހިބަސް: ލޭގެ ހުދު ސެލް
español: Leucocito
Esperanto: Leŭkocito
estremeñu: Leucocitu
euskara: Leukozito
français: Leucocyte
galego: Leucocito
客家語/Hak-kâ-ngî: Pha̍k-se-pâu
한국어: 백혈구
Հայերեն: Լեյկոցիտ
hrvatski: Leukociti
Bahasa Indonesia: Sel darah putih
interlingua: Leucocyto
íslenska: Hvít blóðkorn
italiano: Leucocita
עברית: תא דם לבן
Basa Jawa: Leukosit
Kapampangan: Leukocyte
ქართული: ლეიკოციტები
қазақша: Лейкоциттер
kurdî: Xiroka spî
Кыргызча: Лейкоциттер
Latina: Leucocytus
latviešu: Leikocīti
lumbaart: Leucocitt
македонски: Бели крви зрнца
Bahasa Melayu: Sel darah putih
Nederlands: Witte bloedcel
日本語: 白血球
occitan: Leucocit
polski: Leukocyty
português: Leucócito
română: Leucocită
русский: Лейкоциты
shqip: Leukociti
Simple English: White blood cell
slovenčina: Biela krvinka
slovenščina: Levkocit
српски / srpski: Бела крвна зрнца
srpskohrvatski / српскохрватски: Leukocit
Basa Sunda: Sél getih bodas
suomi: Valkosolu
тоҷикӣ: Лейкосит
Türkçe: Akyuvar
українська: Лейкоцити
ئۇيغۇرچە / Uyghurche: ئاق قان ھۈجەيرىسى
Tiếng Việt: Bạch cầu
粵語: 白血球
中文: 白血球