Kontinentaldrift

Kontinentaldrift eller kontinentdrift er teorien omkring dei langsame rørslene i jordskorpa. Den moderne forståinga vart utarbeidd på 1960-talet, men teorien har røter langt tilbake. To av forløparane til denne teorien er teorien om kontinental drift og havbotnspreiing.

Teorien til Wegener

Wegners si eiga rekonstruksjon av kontinentaldrift, 1929.

I 1912 lanserte den tyske geofysikaren Alfred Wegener teorien om kontinentaldrift. Denne teorien gjekk ut på at alle kontinenta ein gong hadde vore samla i eitt kjempekontinent, Pangaea, og ifølgje Wegener «sprakk» dette områdde opp for 200 millionar år sidan, slik at kontinenta dreiv frå kvarandre.

Litosfæren består av ulike plater som grensar til kvarandre i ulike plategrenser. Kontinentalplater utgjer kontinent og tørt land. Havbotnplater (oceanplater) utgjer havbotn.

Dei ulike grensene blir identifisert ved måling av jordskjelvaktivitet, og blir delt inn i divergerande, konvergerande og transforme grenser. Havbotnspreiing skjer langs divergerande grenser, eller midthavsryggar, der det blir danna ny havbotn. Konvergerande plategrenser oppstår der to eller fleire plater kolliderer. Ved kollisjon mellom kontinentalplater vil det byggjast fjellkjeder (orogenese), ved kollisjon mellom havbotnsplate og kontinentalplate vil havbotnsplata bli pressa under kontinentalplaten på grunn av den ulike oppbygginga og eigenvekta til platene. Dette blir kalla ei subduksjonssone. Den nedadgående (subderte) plata vil etter kvart bli pressa så djupt ned at smelting byrjar. Smelta material stig til overflata, og dannar ein vulkanboge. Ved kollisjon mellom to havbotnsplater vil den eldste (den kaldaste) plata bli pressa under den yngste, og øybogar vil dannast av vulkansk aktivitet.

Other Languages
Esperanto: Kontinenta drivo
føroyskt: Meginlandarák
한국어: 대륙 이동설
Bahasa Indonesia: Pergeseran Benua
Kreyòl ayisyen: Deriv kontinan
Bahasa Melayu: Teori hanyutan benua
日本語: 大陸移動説
português: Deriva continental
Simple English: Continental drift
slovenčina: Pohyb kontinentov
srpskohrvatski / српскохрватски: Pomjeranje kontinenata
українська: Дрифтова гіпотеза
Tiếng Việt: Trôi dạt lục địa