Hindukalendrar

Ein hindukalender frå Rajasthan for åra 1871-1872.

Hindukalendrar er ulike lunisolarkalendrar brukt innan hinduismen. Kalenderane finst med fleire regionale variasjonar. Ein av dei, den moderniserte Shaka Samvat, er indisk nasjonalkalender.

Året har typisk tolv månader på 29 eller 30 dagar som er parvis fordelt på seks årstider. I tillegg kjem ein trettande skotmånad som blir lagt til kvart andre eller tredje år for at året skal halda takt med årstidene.

Årstid Månader
Vasanta ( vår) tsjaitra
vaisakha
Grisjma (varmetid, sommar) djayesjta
asjadha
Varsja ( regntid) sjravana
bhadrapada
Sarad ( haust) ajsvina
asjvayudja/kartika
Hemanta ( vinter) agrahajana
pausja
Sisira (kuldetid) magha
phalguna

Kvar månad er delt inn i ein lys (sjuklapaksja) og ein mørk (krisjnapaksja) halvdel som kvar er på femten dagar (tithi). I den lyse delen veks månen frå nymåne til ein lysande fullmåne, i den mørke minkar han. I ulike system byrjar månaden med ulike månefasar. I amanta eller mukhya mana-system, som er vanleg i Sør-India, byrjar månaden med nymåne og den lyse delen kjem dermed først. I purnimanta eller gauna mana-system, som er utbreidd i Nord-India, byrjar månaden ved fullmåne og den mørke delen kjem først.

Den mest utbreidde nord- og vestindiske kalenderen er vikrama-kalenderen, medan sjalivahana- eller saka-kalenderen er den mest utbreidde månekalenderen i Sør-India. Her følgjer også nokre grupper den hinduiske solkalenderen.  I 1957 vart det vedtatt ein offisiell hindukalender, denne er basert på måne og sol, og blir brukt av både hinduar og sikhar. Kalenderen er på 12 månader av 30/31 dager, månadene blir delt i to. Kvar del inneheld 15 dagar. Ein slik månad blir kalla ein 'paksha'. Kvart tredje år er det skuddår, og då blir det sett inn ein ekstra månad. Religiøse festar fell alltid på fullmåne, nymåne, eller på månens mørkaste tid. Kalenderen har ingen faste heilagdagar, fordi kvar gud har sin heilagdag.

Sjalivahana-kalenderen byrjar året i tsjaitra (mars) med høgtider som ugadi eller gudi padwa. I vikrama-kalenderen byrjar året i vaisakh (april), bortsett frå i Gujarat, der nyåret fell i kartak (oktober/november).

Kjelder

  • "Calendar" The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Ed. John Bowker. Oxford University Press, 2000.
Other Languages
Afrikaans: Hindoekalender
العربية: تقويم هندي
azərbaycanca: Hind təqvimi
беларуская (тарашкевіца)‎: Індуісцкія календары
भोजपुरी: हिंदू पतरा
Esperanto: Hinda kalendaro
euskara: Egutegi hindu
ગુજરાતી: શક સંવત
गोंयची कोंकणी / Gõychi Konknni: पंचांग
Bahasa Indonesia: Kalender Hindu
Bahasa Melayu: Kalendar Hindu
Nederlands: Hindoekalender
پنجابی: دیسی مہینے
português: Calendário hindu
Simple English: Hindu calendar
srpskohrvatski / српскохрватски: Hindu kalendar
Basa Sunda: Kalénder Hindu
Türkçe: Hindu takvimi