Fuglar

Fuglar


illustrert med bilete av representantar frå 18 ulike familiar
Diversitet i klassen Aves

Systematikk
Rike:Dyr
Rekkje:Chordata
Underrekkje:Vertebrata
Klasse:Aves
Vitskapleg namn
Aves

Fuglar (klasse Aves) er varmblodige, eggleggjande, tobeinte virveldyr med karakteristiske fjør, venger og nebb. Det finst rundt 10 300 kjende nolevande fugleartar, noko som gjer Aves til den mest talrike klassen av landlevande virveldyr. Dei har habitat i økosystem over heile verda frå Arktis til Antarktis. Fuglar varierer i storleik frå ca. 5 cm for bikolibri til den ca. 2,5 meter høge strutsen.Det er brei semje om at fuglane stammar frå ei utdøydd gruppe små tobeinte dinosaurar. Fossile funn viser at fuglane utvikla seg frå theropode dinosaurar i juratida rundt 150-200 millionar år tilbake. Den eldste kjende fugleliknande dinosauren er frå sein jura for ca. 150 millionar år sidan og er nemnt Archaeopteryx, «urfuglen». Ekte fuglar kan ha oppstått i krittida, frå ca. 100 millionar år sidan.[1] Dei fleste paleontologar reknar fuglar som einaste dyregruppe, «klade», av dinosaurar som overlevde krit-tertiær-utryddinga for om lag 65,5 millionar år sidan.

Moderne fuglar er karakterisert av fjør, eit nebb utan tenner, dei legg egg med harde skal, dei har høgt stoffskifte, eit hjarte med fire kammer, og eit lett, men sterkt skjelett. Hos alle fuglar har forlemmene utvikla seg til venger. Dei fleste artar har flygeevne med enkelte unnatak som inkluderer strutsefuglar, pingvinar og ei rekkje ulike endemiske øyartar. Fuglar har også unik fordøyingskanal og luftvegssystem som er særs godt tilpassa flyging. Nokre fuglar, spesielt kråker og papegøyar, er blant dei mest intelligente dyreartane; ei rekkje fugleartar er observert i å tilverke og å bruke verktøy, og mange sosiale artar viser kulturell overføring av kunnskap på tvers av generasjonar.

Mange artar gjer lange sesongmessige migrasjonar, og mange fleire utfører kortare uregelmessige trekk. Fuglar er sosiale, dei kommuniserer via visuelle signal og gjennom rop og song, dei tar del i sosial åtferd medrekna samarbeid om hekking og jakt, flokkdanning og mobbing av predatorar. Dei fleste fugleartar er sosialt monogame, til vanleg for ein hekkesesong om gongen, nokre gonger i fleire år, men sjeldan for heile livet. Andre artar er polygyniske («fleirkoneri») eller, sjeldan, polyandriske («fleirmanneri»). Fuglar legg egga mest vanleg i eit reir og foreldra rugar dei fram til klekking. Ungane hos dei fleste fugleartar får omsut frå foreldra i ein lengre periode etter klekking.

Nokre fugleartar har stor økonomisk verd for menneske, for det meste som føde gjennom dyrehald eller jakt. Andre artar gjev gjøding, guano, dynefyll, dun og fjør, eller er til anna gagn som hjelp under jakt og fiske. Somme vert haldne fanga som populære kjæledyr. Fugleskapningar har vore skildra i kultur innan religion, poesi og populærmusikk.

Om lag 120-130 artar er utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet sidan 1600-talet, og hundrevis før den tid. For tida er ca. 1200 fugleartar trua av utrydding som følgje av menneskeleg aktivitet, sjølv om det òg vert gjort arbeid for å verne bestandane.

Sotterneflokk (Onychoprion fuscatus) på Bird Island ('Fugleøya'), ei av Seychellane.
Foto: Dino Sassi - Marcel Fayon
Other Languages
norsk: Fugler
svenska: Fåglar
dansk: Fugle
Acèh: Cicém
Адыгэбзэ: Къуалэбзухэр
адыгабзэ: Бзыу
Afrikaans: Voël
Alemannisch: Vögel
አማርኛ: ወፍ
Ænglisc: Fugol
العربية: طائر
aragonés: Aves
ܐܪܡܝܐ: ܛܝܪܐ
armãneashti: Puľiu
arpetan: Usél
অসমীয়া: চৰাই
asturianu: Páxaru
Avañe'ẽ: Guyra
авар: ХӀинчӀ
Aymar aru: Jamach'i
azərbaycanca: Quşlar
تۆرکجه: قوش
বাংলা: পাখি
Bahasa Banjar: Burung
Bân-lâm-gú: Chiáu
башҡортса: Ҡоштар
беларуская: Птушкі
беларуская (тарашкевіца)‎: Птушкі
भोजपुरी: चिरई
Bikol Central: Gamgam
Bislama: Pijin
български: Птици
Boarisch: Vegl
བོད་ཡིག: བྱ།
bosanski: Ptice
brezhoneg: Evn
буряад: Шубуун
català: Ocells
Cebuano: Langgam
čeština: Ptáci
chiShona: Shiri
chiTumbuka: Viyuni
Cymraeg: Aderyn
Deitsch: Voggel
Deutsch: Vögel
Diné bizaad: Tsídii
dolnoserbski: Ptaški
eesti: Linnud
Ελληνικά: Πτηνά
English: Bird
эрзянь: Нармунть
español: Aves
Esperanto: Birdoj
estremeñu: Páxaru
euskara: Hegazti
فارسی: پرنده
Fiji Hindi: Chirriya
føroyskt: Fuglur
français: Oiseau
Frysk: Fûgels
Gaeilge: Éan
Gaelg: Ushag
Gàidhlig: Eun
galego: Aves
贛語: 雀仔
ગુજરાતી: પક્ષી
客家語/Hak-kâ-ngî: Tiâu
хальмг: Шовуд
한국어:
Hausa: Tsuntsu
հայերեն: Թռչուններ
हिन्दी: पक्षी
hornjoserbsce: Ptaki
hrvatski: Ptice
Ido: Ucelo
Ilokano: Billit
Bahasa Indonesia: Burung
interlingua: Aves
Ирон: Мæргътæ
isiXhosa: Yentaka
íslenska: Fugl
italiano: Aves
עברית: עופות
Basa Jawa: Manuk
ಕನ್ನಡ: ಪಕ್ಷಿ
Kapampangan: Ayup
ქართული: ფრინველები
kaszëbsczi: Ptôchë
қазақша: Құстар
kernowek: Edhen
Kiswahili: Ndege (mnyama)
Kreyòl ayisyen: Zwazo
kurdî: Balinde
Кыргызча: Куш
кырык мары: Кек
Ladino: Pasharos
лакку: Лелуххи
лезги: НуькI
latgaļu: Putni
Latina: Aves
latviešu: Putni
Lëtzebuergesch: Vullen
lietuvių: Paukščiai
Ligure: Aves
Limburgs: Veugel
lingála: Ndɛkɛ
la .lojban.: lo cipni
magyar: Madarak
македонски: Птици
Malagasy: Vorona
മലയാളം: പക്ഷി
Malti: Għasfur
मराठी: पक्षी
მარგალური: მაფურინჯეეფი
مصرى: طير
Bahasa Melayu: Burung
Baso Minangkabau: Buruang
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Cēu
мокшень: Нармонь
монгол: Шувуу
မြန်မာဘာသာ: ငှက်
Nāhuatl: Tototl
Na Vosa Vakaviti: Manumanu vuka
Nederlands: Vogels
Nedersaksies: Voegel
नेपाली: चरा
नेपाल भाषा: झंगः
日本語: 鳥類
Napulitano: Auciello
нохчийн: Олхазарш
Nordfriisk: Fögler
Nouormand: Ouaîsé
occitan: Ausèl
олык марий: Кайык
ଓଡ଼ିଆ: ପକ୍ଷୀ
oʻzbekcha/ўзбекча: Qushlar
ਪੰਜਾਬੀ: ਪੰਛੀ
پنجابی: پنچھی
پښتو: مرغه
Patois: Bod
Перем Коми: Кайез
ភាសាខ្មែរ: បក្សី
Picard: Oizo
Piemontèis: Osej
Plattdüütsch: Vagels
polski: Ptaki
português: Aves
română: Pasăre
rumantsch: Utschels
Runa Simi: Pisqu
русиньскый: Птахы
русский: Птицы
саха тыла: Көтөрдөр
ᱥᱟᱱᱛᱟᱲᱤ: ᱪᱮᱬᱮ
संस्कृतम्: पक्षिणः
sardu: Aves
Scots: Bird
Seeltersk: Fuugele
shqip: Zogjtë
sicilianu: Aceddu
සිංහල: කුරුල්ලෝ
Simple English: Bird
سنڌي: پکي
SiSwati: Tinyoni
slovenčina: Vtáky
slovenščina: Ptiči
ślůnski: Ptoki
Soomaaliga: Shimbir
کوردی: مەل
српски / srpski: Птице
srpskohrvatski / српскохрватски: Ptica
Basa Sunda: Manuk
suomi: Linnut
Tagalog: Ibon
தமிழ்: பறவை
Taqbaylit: Afrux
татарча/tatarça: Кошлар
తెలుగు: పక్షి
тоҷикӣ: Паранда
Tsetsêhestâhese: Ve'kese
ತುಳು: ಪಕ್ಕಿ
Türkçe: Kuş
удмурт: Тылобурдо
українська: Птахи
اردو: پرندہ
Vahcuengh: Duzroeg
vèneto: Oxei
vepsän kel’: Lindud
Tiếng Việt: Chim
Volapük: Böds
Võro: Tsirk
walon: Oujhea
West-Vlams: Veugel
Winaray: Tamsi
吴语:
ייִדיש: פויגל
Yorùbá: Ẹyẹ
粵語:
Zazaki: Mıriçıki
Zeêuws: Veugels
žemaitėška: Paukštē
中文:
ГӀалгӀай: Оалхазараш
Kabɩyɛ: Sumaɣ
Lingua Franca Nova: Avia