Flying Fish Cove

Flying Fish Cove
Flying Fish Cove.jpg
Christmas Island-CIA WFB Map.png
Wikimedia Commons: Flying Fish Cove

Flying Fish Cove, også kalla The Settlement, er hovudstad i det australske territoriet Christmasøya. Busetjinga ligg nordaust på øya.[1] Ho blei grunnlagd i 1888, etter at Christmasøya var blitt annektert av Storbritannia.[2]

Flying Fish Cove har den einaste hamna på øya.[3] Ho blir nytta til utskiping av fosfat frå gruvedrift andre stader på øya, transportert til hamna med jernbane.

Historie

Dei første menneska slo seg ned på Christmasøya etter annekteringa i 1888. Busetjinga fekk namn etter HMS «Flying Fish», eit britisk kartleggingsskip.[1] Grunnleggjarane var Clunies-Ross-brørne frå Kokosøyane eit stykke unna Christmasøya. Dei ville vinna ut tømmer og seinare fosfat frå øya.[2]

Under andre verdskrigen senkte japanarane eit norsk lasteskip som dreiv i fosfatfart ved Flying Fish Cove. Staden blei bomba av japanarane 31. mars 1942, og øya var okkupert av Japan frå 1942 til 1945.[2]

Den vesle hamna blir no særleg brukt av yachtar og turistbåtar.[1] Mange asylsøkarar til Australia har også enda opp her.[4] Det finst også ei flystripe nokre kilometer søraust for Flying Fish Cove.[1]

Kart over Christmasøya med namn avmerkte.
Other Languages
Afrikaans: Flying Fish Cove
asturianu: Flying Fish Cove
azərbaycanca: Flayinq Fiş Kouv
беларуская: Флаін-Фіш-Коўв
беларуская (тарашкевіца)‎: Флаін-Фіш-Коўв
български: Флаинг Фиш Коув
čeština: Flying Fish Cove
français: Flying Fish Cove
Bahasa Indonesia: Flying Fish Cove
íslenska: Flying Fish Cove
ქართული: ფლაინგ-ფიში
македонски: Флаинг Фиш Коув
Nederlands: Flying Fish Cove
português: Flying Fish Cove
српски / srpski: Флајинг Фиш Коув
srpskohrvatski / српскохрватски: Flying Fish Cove
українська: Флаїнг-Фіш-Коув
Tiếng Việt: Flying Fish Cove
中文: 飞鱼湾