Extended play

Bilete av ein EP.

Extended play, EP eller EP-plate er ei nemning for musikalske utgjevingar som er for korte til å verte kalla musikkalbum (LP og CD), og for lange til vere ein single (SP). Normalt har eit album åtte til tolv spor eller er på rundt førti minuttar speletid (ofte noko lengre for klassisk musikk, som kan graverast tettare), ein single har berre eitt spor på kvar side, medan ein EP har fire.

Omgrepet (og utgjevingsforma) var mykje brukt i 50- og 60-åra. Den amerikanske marknaden for EP-ar fall saman på 60-talet (som er grunnen til at The Beatles si Magical Mystery Tour frå 1967 kom som EP i Storbritannia, men utvida til LP i USA), medan alle plater på sju tommar og 45 rpm i Frankrike var EP-ar med fire spor.

Omgrepa single, EP og LP var lette å skilje frå kvarandre fram til maxisingelen vart oppfunnen; ein maxisingel vert normalt spela på 45 rpm (som ein singel eller EP), men er i 12"-format (som ein LP). Då CD-en tok over mot slutten av 80-talet, var brått alle utgjevingar like store (CD-singlar i 3"-format vart forsøkt lanserte, og hadde ei tid suksess i Japan) og vart spela på same fart, og i dag er ein singel rett og slett ein CD med eitt hovudspor først på plata og ein lågare salspris, uavhengig av speletid, medan eit album er ei samling av marknadsføringsmessig likeverdige songar. Dei lengste singlane (gjerne innan techno-musikken) kan ha lengre speletid enn dei kortaste albuma, og omgrepet EP har derfor liten funksjon i platebransjen i dag.

  • kjelder

Kjelder

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .
Other Languages
svenska: EP
dansk: EP
Afrikaans: EP
български: EP
bosanski: Extended Play
català: Extended play
čeština: Extended play
Deutsch: Extended Play
English: Extended play
español: Extended play
Esperanto: Muzikalbumeto
euskara: Extended play
français: Extended play
galego: EP
Հայերեն: Մինի ալբոմ
hrvatski: EP
Bahasa Indonesia: Album mini
íslenska: Stuttskífa
italiano: Extended play
ქართული: EP
қазақша: Шағын-альбом
latviešu: EP ieraksts
Lëtzebuergesch: Extended Play
lietuvių: Extended play
magyar: Középlemez
македонски: EP
მარგალური: EP
Bahasa Melayu: Extended play
Nederlands: Extended play
polski: EP
português: Extended play
română: Extended play
русский: Мини-альбом
Simple English: Extended play
slovenčina: Extended play
slovenščina: Extended play
српски / srpski: EP
srpskohrvatski / српскохрватски: Extended play
suomi: EP-levy
ไทย: อีพี
Türkçe: EP
українська: Міні-альбом
Tiếng Việt: EP
粵語: 細碟
中文: 迷你專輯