Drivar

Drivararkitektur.

Ein drivar er ein programmodul som gjer det mogleg for operativsystemet å kommunisere med maskinvara i datamaskinar. I tillegg til dei ulike einingane på hovudkortet trengst drivarar for I/O-einingar, som platelagret, grafikkort, mus, nettverkskort, USB- og IEEE 1394-kontrollarar, skrivarar, skannerar og så vidare [1] [2] [3].

Verkemåte

Drivar kommuniserer med maskinvara i I/O-einigar ved å skriva til eller lesa frå registre i I/O-einingane, som er plasserte i eit verna addresseområde som berre program som køyrer i kjernemodus har tilgang til. Drivarar køyrer difor i kjernemodus og vert kontrollerte av kjernen i operativsystemet, anten direkte eller via eit lågnivå programvarelag kalla maskinvareabstraksjonslaget. Drivarar er ofte sett saman av fleire modular. For at brukarprogram skal vera i stand til å kommunisera med drivarane køyrer nokre modular i brukarmodus.

All kommunikasjon med brukarprogram skjer via eit avgrensa programmeringsgrensesnitt, så når eit brukarprogram ynskjer å kommunisera med drivaren kallar det opp ein av funksjonane som er tilgjengeleg i dette grensesnittet. Drivarar kan heller ikkje ta direkte kontakt med brukarprogram, men må kommunisera via eit maskinvareabstraksjonslag. Typiske grunnar til at ein drivar initialiserer kommunikasjon er at eit tastetrykk eller eit museklikk har generert eit interrupt, eller at ein buffer i eit nettverks- eller lydkort held på å verta full eller tom. Drivaren kallar da opp ein attendekallfunksjon som overfører eller hentar data til/frå maskinvareabstraksjonslaget.

Other Languages
norsk: Driver
svenska: Drivrutin
العربية: برنامج تعريف
azərbaycanca: Sürücü
български: Драйвер
English: Device driver
Esperanto: Pelilo
hornjoserbsce: Ćěrjak (informatika)
Bahasa Indonesia: Pemacu peranti
italiano: Driver
עברית: מנהל התקן
қазақша: Драйвер
Кыргызча: Драйвер
latviešu: Dzinis
Lëtzebuergesch: Driver
lietuvių: Tvarkyklė
Bahasa Melayu: Pemacu peranti
Nederlands: Stuurprogramma
олык марий: Драйвер
română: Driver
русиньскый: Драйвер
русский: Драйвер
Simple English: Device driver
српски / srpski: Драјвер
suomi: Laiteajuri
українська: Драйвер
粵語: 驅動程式
中文: 驱动程序