Dj Shadow

Dj Shadow

Josh Davis, også kjent som DJ Shadow (fødd 1. januar 1973) i California er ein DJ, produsent og låtskrivar. Han er kjend for sin unike musikkstil som er ein kombinasjon av mellom anna funk, rock, hip-hop, ambient og jazz.

Debut

Davis voks opp i Hayward i California, og vart tidleg tiltrekt av hip-hop laga av DJar ved hjelp av turntables og samplemaskiner. Allereie som tenåring laga han sine eigne samples og songar ved hjelp av ein enkel samplingsmaskin. Nyskapande musikk til trass, det var først når han flytta til Nord-California at hans eigen musikk vart utgjeven. Etter ei tid på universitetet oppretta han sitt eige plateselskap, og gav deretter ut sine gamle songar gjennom skuleradioen. Han gav ut ein 17 minutt lang hip-hop-symfoni ved namn "Entropy" i 1993. Songane hans spreidde seg rundt ei rekkje DJar i hip-hop-undergrunnen og vekte til slutt oppsikt hjå plateselskapet Mo' Wax. Dette resulterte til slutt i debutplata Endtroducing.... Plata vart svært godt motteken av kritikarar i Storbritannia og Amerika, og har hamna i Guinness rekordbok for første fullsampla album. Etter suksessen med det første albumet gav han ut sine tidlegare singlar tidleg i 1998 på albumet Preemptive Strike.

Other Languages
norsk: Dj Shadow
svenska: DJ Shadow
dansk: DJ Shadow
العربية: دي جاي شادو
български: Диджей Шадоу
català: DJ Shadow
čeština: DJ Shadow
Deutsch: DJ Shadow
Ελληνικά: DJ Shadow
English: DJ Shadow
español: DJ Shadow
فارسی: دی‌جی شدو
français: DJ Shadow
한국어: DJ 섀도
italiano: DJ Shadow
ქართული: DJ Shadow
қазақша: Диджей Шэдоу
magyar: DJ Shadow
Nederlands: DJ Shadow
日本語: DJシャドウ
polski: DJ Shadow
português: DJ Shadow
русский: DJ Shadow
Simple English: DJ Shadow
suomi: DJ Shadow
українська: DJ Shadow