Austronesiske språk

Austronesiske språk (markert med lyst rosa) i lag med dei andre språkfamiliane i verda

Austronesiske språk (frå gresk for 'sørleg øy') er ein språkfamilie med kjerneområde på øyane i Stillehavet og Indiahavet. Slike språk vert snakka av om lag 3 % av menneskeslekta. Med 1244 språk (registrert hos Ethnologue), og ei utbreiing frå Madagaskar til Påskeøya er det ein av dei største språkfamilieae i verda både i utbreiing og tal på språk.

Austronesisk har ti hovudundergrupper. Av desse finst ni på Taiwan og kringliggande øyer; dei blir kalla formosiske språk. Den siste gruppa er stamspråk for alle dei andre språka i familien, og blir kalla malayopolynesiske språk. Desse deler ein igjen inn i to grupper, dei vestlege og sentral-austlege. Rundt 300 millionar menneske talar dei vestlege, medan berre rundt 1 million talar dei seintral-austlege.

Dei malayopolynesiske språka uttrykker normalt fleirtalsform ved gjentaking av heile eller delar av eit ord (reduplikasjon). Alle dei austronesiske språka har sterk tendens til gjentaking av lydar. Dei fleste har ikkje samansettingar av tre eller fleire påfølgjande konsonantar. Talet på vokalar er normalt lågt; dei fleste har fem vokallydar.

Språk

Nokre av språka i den austronesiske språkfamilien er:

Other Languages
azərbaycanca: Avstroneziya dilləri
Bân-lâm-gú: Lâm-tó gí-hē
客家語/Hak-kâ-ngî: Nàm-tó Ngî-hì
Bahasa Indonesia: Rumpun bahasa Austronesia
Lingua Franca Nova: Linguas austronesian
Māori: Austronesian
Dorerin Naoero: Edorer Otereinitsiya
oʻzbekcha/ўзбекча: Avstronez tillari
Simple English: Austronesian languages
slovenščina: Avstronezijski jeziki
srpskohrvatski / српскохрватски: Austronezijski jezici
Tiếng Việt: Ngữ hệ Nam Đảo
吴语: 南島語系
粵語: 南島語系
中文: 南島語系